Kva er «julepriskrig»?

Dei seinare åra har «julepriskrig» blitt eit ord som vi har lese om i avisene. Eit ord som har kome etter at butikk-kjedene «krigar» etter kundane.

Dei ulike butikk-kjedene senkar prisen lågast mogeleg på julemat, for å gjere seg attraktive slik at vi handlar hos dei.

Dette fører til at det blir billigare mat. Men det har ei lita bakside også.

Når prisen på mat synk, får også matprodusentane – dei som lagar maten – mindre pengar.

I butikkane er det surkål, raudkål, kålrot (kålrabi) som har vorte billigare.