Vil lage superraskt internett frå verdsrommet

Gründeren Elon Musk vil lage eit internett som heile jorda kan kople seg på.

Elon Musk har store planar. No har han fått godkjenning til å sende opp 12 000 satellittar. Elon er ein gründer, spesielt kjent for bilmerket Tesla.

Han vil sende opp breibandsatellittar som skal la heile planeten kople seg til eit superraskt internett, skriv Forskning.no.

Fleire satelittar i 2019

Antallet satelittar dei skal skyte opp er enormt. I dag er det nemleg berre 2000 aktive satellittar i bane rundt jorda.

Den 22. februar i år sendte selskapet opp to testversjonar av satellittane med stor suksess. Ifølgje ein artikkel frå Reuters jobbar dei no for fullt med å starte å skyte opp fleire satelittar i 2019.