Erik (12): – Målet er å reise på Landsskyttarstevne

MIN HOBBY: Vi har snakka med Erik om korleis det er å ha skyting som hobby.

Namn:

Erik Samland Tendal

Alder:

12 år

Bustad:

Skånevik

Kva hobby driv du med?  

– Skyting.

Når starta du?

– I 3. klasse.

Kor ofte trener du?

– Kvar torsdag.

Kvifor blei det akkurat dette som blei hobbyen din?

– Eg var med pappa ein gong, og tenkte det såg kjekt ut. Han har halde på med skyting før, men no er han trenar.

Kva er det med denne hobbyen som gjer at du framleis vil drive på?

– Det er kjekt, og eg vil vera med på Landskyttarstemnet når eg blir stor nok til det.

Kva er målet ditt med hobbyen?

– Landsskyttarstemnet er målet mitt. Det blir gøy å reise!

Kva gjer du dei dagane du ikkje vil dra på trening?

– Eg har alltid lyst. Eg har fotballtrening same dagen, så viss det høljeregnar og er ganske kaldt, så er det ikkje alltid så lett å gå. Men eg går på skyting uansett.

Kor god er du på ein skala frå éin til ti?

– Åtte.

Kva må du jobbe meir med for å bli endå betre?

– Eg må prøve å skyte utan støtta som våpenet ligg på.

Kva vil du seie til dei som lurar på om dei skal byrje med akkurat det du driv på med?

– Det er berre å byrje. Det er gøy! Det er kjekt å skyta, og eg har mange vener som er med. Vi konkurrerer om å få mest poeng.