HURRA! Framtidajunior.no er 1 år

17. oktober 2017 lanserte vi Framtida Junior.

Svein Olav Langåker er redaktør for Framtida Junior.

Framtidajunior.no er ei nynorsk barneavis som skal ha nyhende, faktaartiklar, kultursaker, boktips, spel, skrivekonkurransar, debatt, video, musikk og aktivitetar for barn over heile landet.

– Me takkar alle lesarane som følgjer oss. Så langt har over 65.000 brukarar vore innom nettsidene våre! Det er veldig bra! Og så er det kjekt å få så mange gode tilbakemeldingar på det me skriv om. Og ikkje minst takk til alle som tipsar oss, seier redaktør Svein Olav Langåker.

Har du ei burdagshelsing til oss? Eller eit tips til kva me kan skriva om? Eller eit innspel til kva me kan gjera for å bli endå betre? Send oss ei melding på junior@framtida.no!