«Unboxing» har tatt heilt av

Er du ein av dei som har sett filmar på YouTube av folk som pakkar opp leiker, mobilar, slim og liknande? Du er langt frå den einaste.

YouTube er full av videoar der personar til og med tener pengar på å vise kva dei opnar opp.

Iselin, Antonina og Mary er sjølv veldig glad i desse type filmane. Og dei følgjer mange YouTubarar som driv med dette.

– Eg likar å sjå reaksjonane til dei som opnar, seier Antonina og dei andre er einige.

– Det er veldig gøy og spanande. Ein blir fort hekta, legg Mary til.

(Saka held fram etter bilete)

UNBOXING: Skjermdump/YouTube/Guavajuice

YouTube er så tilgjengeleg

Antonina veit at mange av dei som driv med dette blir sponsa, og ein må vere kritiske til kva dei viser.

– Men det er jobben deira, og dei brukar mykje tid på å lage filmane, seier Iselin. Ho synest det er greitt at dei tener pengar.

– YouTube er så tilgjengeleg, og det blir fort til at ein ser fleire videoar på rad når ein fyrst set i gang, seier Antonina.

PSYKOLOG: Marte Wahlborg trur dette er typisk for alle menneske. Vi er nysgjerrige av natur. (Foto:Privat)

Kvifor er dette så populært?

Psykolog Marte Wahlborg jobbar med barn og unge. Ho trur at unboxing har blitt stort fordi det handlar om ting som er typisk for alle menneske.

– Å sjå nokon pakke opp ein pakke speler nok på nysgjerrigheit og det å verte overraska. Vi menneska er jo lagde slik at vi undersøkjer ting, vi sjekkar kva som er under, oppi og bak ting. Vi opnar kakeboksar og skapdører på badet til folk vi er på besøk til.

– Noko av det som er mest typisk for oss menneska er jo at vi elsker å vite, og finne ut av ting, seier psykologen.