Vi skal ut på turné. Vil du ha besøk av oss?

Framtida junior skal ut på turné for å kurse opp unge, lovande journalistar. Vil klassa di ha besøk av oss?

Juniorjournalistane vil få opplæring, spennande oppgåver og stor fridom til å skriva om det ein vil.

Bli med i redaksjonen vår

– Framtida Junior ønskjer å nå ut til endå fleire, og skal no på turné til skular og rundt på Vestlandet. Framtida Junior har som mål å gjera det kjekt å lesa nyhende for barn på nynorsk, og me søkjer no etter barn som vil vera juniorjournalistar i redaksjonen vår, og skular som vil ha besøk av oss, seier redaktør Svein Olav B. Langåker.

Send mail

Er du interessert? Skriv ein mail til svein@framtida.no og fortel kor gamal du er, og kvar du kjem frå. Kanskje heile klassa di er interessert?

Det er nok ikkje alle som får besøk, men kanskje du er ein av dei heldige?

Hakeem Iseh Skonnord (10) og Diana Semashkova (10) frå Majorstua skole fekk vere juniorjournalistar, då vi møtte statsminister Erna Solberg. Foto: Ragnhild Sofie Selstø/ Framtida junior
Hakeem Iseh Skonnord (10) og Diana Semashkova (10) fekk vere juniorjournalistar, då vi møtte statsminister Erna Solberg. Foto: Ragnhild Sofie Selstø/ Framtida junior

Lukke til!