Så dårleg er kjøt for miljøet

Viss nokon seier at det er betre for miljøet å slutte å ete kjøt, har dei heilt rett, ifølgje ein ny forskningsrapport.

Kva er det å vera veganer?
  • Å velge mat som er frå planteriket i staden for mat frå dyreriket.
  • Å ikkje spise kjøtt, fisk, skaldyr, egg, meieriprodukt og honning, og andre ingrediensar som stammar frå dyr.
LES FAKTALUKK FAKTA

Ifølgje ei ny, stor oversikt kan vi få ned CO₂-utslippa frå landbruket med 50 prosent ved å dyrke korn og grønsaker i staden for å produsere kjøt.

– Matvareproduksjon er en gigantisk miljøbyrde, fortel hovudforskaren bak den nye studien, Joseph Poore fra Department of Zoology ved Oxford University, i ei pressemelding.

Meir jungel og natur

Forskarane i den nye studien har sett på kva det kostar klimaet å lage 40 typar matvarer som vi et mykje av. Faktisk så består heile 90 prosent av alt vi et av dette. Til dømes storfekjøt, kylling, fisk, lam, mjølk, ost, øl, bønner, erter, ris, kveite og nøtter.

Viss folk tenkjer meir over kva maten vi produserer gjer med naturen, kan stor område gå tilbake til å bli natur eller jungel, ifølgje Joseph Poore.