Squishies er giftige! No blir dei fjerna frå butikkar

Det er solgt over 100.000 Squishies til barn i Noreg. No har butikkane, BR og Toys-r-us, stoppa salet etter funn av skadelege kjemikaliar på figurane.

Squishies-figurane, som du kanskje har kjøpt deg, er giftige. Dette er samleleiker som luktar og som mange barn både leikar og bytar med kvarandre.

Farlige kjemikaliar

Det er danske miljømyndigheitar som åtvarar mot dei populære skumfigurane etter funn av farlege kjemikaliar på fleire av leikene.

No anbefalar dei at du kvittar deg med figurane.

Kan få pengane tilbake

– Viss nokon kjenner seg utrygge med sine Squishies som dei har kjøpt i våre butikkar, kan dei få pengane tilbake. Det gjeld også om ein ikkje har kvitteringen, seier kommunikasjonssjef i Top-Toys Liselotte Gjerdrum Carlsen til NRK.