Høyrer du ordet «Yanny» eller «Laurel»?

Etter at den populære youtuberen Cloe Feldman la ut dette lydklippet på Instagram og Twitter er det blitt ein enorm snakkis.

Cloe spurte følgjarane sine: Kva høyrer du – «Yanny» eller «Laurel»?

Det viste seg at nokon høyrer ei låg mannsstemme som seier «Yanny», medan andre høyrer ei lysare stemme som seier «Laurel», skriv Dogo News.

Viral hit

Historia om korleis dette klippet vart ein sensasjon på internett er nesten like spanande som sjølve klippet.

Det heile starta 11. mai då Katie Hetzel bestemte seg for å slå opp tydinga av ordet «Laurel» på Vocabulary.com. Men då ho spela lyden, høyrde ho «Yanny». Katie fortel at ho spurte vener i klassen, og det var veldig ulike meiningar. Så la ho ut klippet på Instagram der Fernando Castro, som går på same skule, såg det.

Laga poll

Fernando laga ein poll der folk kunne stemme på kva dei høyrde. Då hans ven Camry høyrde lyden, bestemte han seg for å legge den ut på Reddit, der youtubaren Cloe såg den og delte med sine følgjarar.

Kva høyrer du? «Yanny» eller «Laurel»?

Kva høyrer du? «Yanny» eller «Laurel»?

«Yanny»35
«Laurel»16
Svar totalt: 51