Pass opp for skogbrann

Det har vore veldig tørt store delar av Noreg. Dette aukar risikoen for skogbrann.

Ein skogbrann er ein ukontrollert brann i naturen. Enkelte gongar blir skogbrannen så stor at det er vanskeleg å få kontroll over brannen.

Det er ikkje lov å tenne bål i, eller i nærleiken av skogmark i tidsrommet mellom 15. april og 15. september. Dette gjeld open eld, og eingongsgrillar er inkludert i regelen.

Det er berre tillatt å bruke eld til bål/grilling på merka stadar.

Merkar du brann er det viktig å ringe brannvesenet på 110. Fortel kven du er, og korleis du kan kontaktast. Forklar også kor det brenn.