McDonald’s vil ikkje slutte med plastsugerøyr

Selskapet seier det er unødvendig å kutte bruken av plastrøyr.

Det er NRK.no som skriv dette i dag.

Fleire aksjeeigarar i McDonald’s oppfordra matkjeda til å kutte ut bruken av plastrøyr. Og mange har engasjert seg i saken. Miljøorganisasjonen SomeOfUs har laga ei underskriftskampanje og har fått ein halv million underskrifter.

Men sjølv om fleire av eigarane (aksjonnærane) i McDonald’s vil ha slutt på bruken av plastsugerøyr svarar konsernet dette:

 Forslaget er unødvendig… Det har liten hensikt både for selskapet, aksjeeigarar og for våre kundar, skriv dei i ei uttale.

Samtidig har McDonald’s sagt at dei har eit mål for 2025 om at all emballasje, inkludert sugerøyr, skal kome frå fornybare, resirkulerte eller godkjente kjelder.

Kva synest du om det McDonald's gjer?

Kva synest du om det McDonald's gjer?

Eg forstår dei6
Det er dumt av dei4
Plastugerøyr Må eg ha2
Dei må tenke på miljøet9
Er det så gale då?2
Veit ikkje...2
Svar totalt: 25