Ugla Yoll leverer brev – sjå video

Dei fleste har høyrt om brevduer. Slik sett er det kanskje ikkje heilt utruleg at den samme jobben kan gjerast av ei brevugle, slik postsystemet i Harry Potter-universet fungerer.

I Russland har ein ornitolog lagt ut ein video av ugla Yoll, som er trent opp til å levere brev.

Ein ornitolog er ein som forskar og studerer fuglar.

Ifølge teksten på Youtube-kontoen, som Nerdist.com har omsett frå russisk til engelsk, er Yoll både fødd og oppvaksen i fangenskap. Ho kan derfor ikkje klare seg i det fri.

I klippet nedanfor kan du sjå Yoll utføre jobben, sjølv om ho ikkje heilt har lyst til å gje frå seg brevet.