Australiar vil selje norsk luft på boks

Australiaren Rory Patterson vil selje frisk norsk luft på sprayflasker til turistar.

Dei miljøvennlege boksane skal dekorerast med norsk natur og seljast til turistar som kjem frå meir forureina strøk av verda. I første omgang tilbyr selskapet fire variantar: Geiranger, Lofoten, Noreg og Trollstigen, melder NPK.

Unik suvenir

Boksane vert solgt av Pure Norway Air som har kontor på Vågestranda i Rauma.

– For turistar som bur i sterkt ureina område, må dette vere ein unik suvenir å ta med seg heim. For andre kan det vere ei spesiell gåve, der dei lèt andre ta del i den opplevinga dei sjølve har hatt, seier Patterson til NRK.