Sylvi Listhaug trekkjer seg

Etter Facebook-innlegget har det storma i regjeringa. No trekkjer Sylvi Listhaug seg frå ministerrolla.

I ei pressemelding i dag sa Listhaug at ho trekkjer eg.

Listhaug fortalte at ho har følt seg utsatt for ei heksejakt, der målet var å ta ytringsfridomen.

– Det har vore ein surrealistisk veke der eit Facebook-innlegg har omgjort norsk politikk til ein barnehage. Då er mi oppgåve å opptre vaksent. Det har vore ei rein heksejakt der målet var å knebe ytringsfridomen.

Etter planen skulle Stortinget samlast klokka 10 i dag for å diskutere mistillitforslaget mot Listhaug. No når Listhaug har trekt seg, vil Erna Solberg si regjering fortsette, med ein ny justisminister.