No kjem bananar med etande skal!

Japanske bønder har dyrka fram heilt splitter nye bananar du ikkje treng å skrelle.

Bananer
  • Bananer er botanisk sett ett bær, selv om den i dagligtalen omtales som en frukt.
  • Den vanligste bananen heter Cavendish og er oppkalt etter en engelsk hertug
LES FAKTALUKK FAKTA

No har me avocado utan stein, me har melonar utan frø. Mange har lurt på: Kva blir det neste? Den engelske avisa The Guardian skriv at japanske bønder har funne ein måte å dyrke bananar på som gir etande skal!

Frys ned bananar

Så korleis gjer dei det? Sakte frys dei ned bananar til -60 grader, og så vert dei tint. Vips, så smakar skalet heilt annleis enn det me skreller av våre bananar.

– Den vart utvikla etter at ein av dei ansette, Setsuzo Tanaka, hadde forska på dette som ein hobby, skriv ein talsmann for garden i ein e-post til avisa.

Han ville lage ein banan som var kjempegod og trygg å ete. Skalet er nemleg heilt trygt å ete fordi det er økologisk, som vil seie at dei ikkje brukar kjemikalier.

Ananassmak

Frukta med det etande skalet har fått namnet Mongee bananar. Og folk som har smakt, seier smaken minner om ananas.

D&T Farm som dyrker bananane har planar om å dyrke endå fleire – og kanskje starte å sende bananane ut i verda. Så langt tek dei 50 kroner for ein banan. Det er nok fordi det framleis er ei sjeldan vare. Kanskje kjem dei til Noreg?