Ein raud bil i verdsrommet

No "køyrer" ein raud bil rundt i verdsrommet.

Bilen er av typen Tesla, og skal etter planen køyre rundt i millionar av år.

Det var i går at romraketten Falcon Heavy vart skoten opp i verdsrommet. Raketten hadde 27 motorar og var mykje kraftigare enn enn tidlegare raketter.

Mange var usikre om det kom til å gå bra, men det gjorde det heldigvis.

I den raude Teslaen sit ei dokke i romdrakt, og det blir spelt av ein låt frå 1969, frå det året det fyrste menneske landa på månen. Songen heiter Space Oddity av David Bowie.

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here