NY REKORD: Primtal med utrulege 23 millionar sifre

Mannen som har funne det høge primtalet får 25.000 kroner i påskjøning. Det kan altså løne seg å jakte på tal!

Talet vart oppdaga etter at ein datamaskin i USA brukte seks dagar på å rekne. Maskina tilhøyrer ein 51-åring, skriv The Guardian.

Sjølv om det å finne eit enormt tal som ikkje kan delast på noko anna enn 1 eller seg sjølv kanskje ikkje verkar så viktig, er det faktisk mange som nyttar mykje tid og pengar på å finne fram til slike tal, skriv NTB.

– Eg er glad på vegne av organisasjonen og mannen som fann det nye tallet, seier matematikkprofessor Curtis Cooper.

Han oppdaga det forrige rekordtallet for to år sidan. Det hadde ein million færre sifre enn det nye tallet.

SJÅ VIDEO: Kva er primtal?