Facebook lanserer Messenger-app for barn i USA

Messenger Kids er for barn mellom seks og tolv år, men i denne appen bestemmer foreldra kven barna får chatte med.

Facebook og andre sosiale medium har 13 års aldersgrense, men mange barn nyttar likevel appane, både med og utan godkjenning frå foreldra, skriv DinSide.no

Difor har Facebook no lansert ein eigen messenger-app, som er for dei som er mellom 6 og 12 år. I fyrste omgang berre i USA.

Appen skil seg fra vanleg Messenger på fleire måtar:

  • Den er reklamefri.
  • Barn kan ikkje opprette konto sjølv. Foreldra må logge inn med sin konto, og så opprette ein brukar til barnet.
  • Barnet sin brukar vert ikkje søkbar for andre på Facebook.
  • Det er ikkje mogeleg å legge til kontaktar sjølv, barnet må ha foreldra si godkjenning.
  • Dersom barnet vil chatte med ein ven, må foreldra vera ven med venen sine foreldre på Facebook.
  • Både venen sine foreldre, og barnet sine, må godkjenne at barnet og venen vert kvarandre sine Facebook-kontaktar.
  • Foreldra skal ikkje kunne lese meldingane til ungane sine.
  • Barn kan ikkje slette meldingar sjølv.