Kodetimen: – Me får læra så mykje på så kort tid

Denne veka har nesten 90000 elevar i Noreg vore med på Kodetimen. – Veldig kjekt, seier Viljar (11) og Adrian (11).

Kodetimen

Kodetimen er ein skuletime med programmering, ferdig tilpassa for barn frå barnehage til vidaregåande skule. Læraren treng ikkje å ha erfaring med programmering.

Målet er la elevene sjå at dei kan læra å meistra datamaskinen som eit skapande verktøy.

LES FAKTALUKK FAKTA

Kodetimen er ein skuletime med programmering som mange skular har vore med på denne veka.

– Me har fått programmert med figurar frå Minecraft, Star Wars og Angry Birds, fortel Viljar Rusten Steinsvåg i 6.klasse ved Langeland skule på Stord.

Ved å leggja inn ulike kommadoar får elevane flytta figurane gjennom ein labyrint.

– Me får kombinera det å jobba og læra med ha det kjekt. Eg anbefaler verkeleg dette til alle som får sjansen til å vera med, seier Viljar.

– Lett å læra

Oppgåvene som elevane får er forklart med videoar.

– Det er veldig godt forklart, synest Viljar.

– Det er ikkje vanskeleg, eg forstår engelsk, seier Veslemøy Rønnekleiv Helland.

Og viss engelsken skulle bli vanskeleg, så er videoen tekstane på norsk.

Veslemøy Rønnekleiv Helland (t.h.) og Mathilde Halland Nordtveit synest det er kjekt å vera med på kodetimen.

– Kjekt med Scratch

Adrian Bergseth Solvoll har koda før på fritida med hjelp av Scratch. Her er det mogleg for born og unge å laga sine eigne animasjonar og dataspel.

– Eg har laga ein animasjon med eit eple og ein penn, frå Youtube-videoen Pineapple Apple Pen, smiler han.

Sjå video om kva Scratch er for noko under her:

Ønskjer å bruka pcen meir i skulen

– Eg kunne tenkja meg å jobba med laga dataspel, eller bli youtubar, seier Viljar Rusten Steinsvåg. Adrian Bergseth Solvoll kunne òg tenkt seg det. – Eg speler fotball òg, så eg veit ikkje heilt.
– Eg kunne tenkja meg å jobba med laga dataspel, eller bli youtubar, seier Viljar Rusten Steinsvåg. Adrian Bergseth Solvoll kunne òg tenkt seg det. – Eg speler fotball òg, så eg veit ikkje heilt.

Både Adrian og Viljar kunne gjerne tenkt seg å få bruka pc meir i skulen.

– Tenk om me kunne få bruka pcen meir i matte, i staden for skriva så mykje for hand, seier Adrian.

– Eg blir sliten i handa av å skriva for hand, seier Viljar.

Mathilde Halland Nordtveit og Veslemøy Rønnekleiv Helland kunne òg tenkt seg å få vera meir på pc.

– Det hadde vore fint å få skriva på pc, i staden for å skriva for hand, seier Veslemøy.