No må du legge deg!

Har du lakenskrekk og synest det er kjedeleg å legge deg?

Du har sikkert opplevd at mamma eller pappa har masa om at du må kome deg i seng. Du trur kanskje det er fordi dei vaksne treng åleinetid. Men det er ikkje berre difor. Eit barn treng mykje søvn for å klare å yte best mogleg.

Ei forskning, gjort i USA, viser at barn mellom 6-13 år treng mellom ni og elleve timar søvn.

Neste gong mamma eller pappa masar om at du må legge deg, kan du gjere som dei seier. Men du kan også fortelje at vaksne treng søvn. Dei skal nemleg ha mellom sju og ni timar søvn.

Sov godt!

(Kjelde: Forskning.no)