Ikkje gamal nok til å ha Snapchat, men likevel lyst til å lage kule filter på bileta?

Du som ikkje har Snapchat synest kanskje det er kjipt å ikkje kunne lage slike rare bilete med filter? Heldigvis kan du ta liknande selfies utan å bli medlem av Snapchat eller andre sosiale medier.

I fjor haust lanserte Snapchat ein ny funksjon som gir animerte selfies med ein drøss ulike effektar, skriv Dinside.no.

Har du Snapchat, kan du ta bilete av deg sjølv, så legg appen eit filter over deg, anten med auge som poppar ut og vert enorme, at du spyr ut ein regnboge av munnen, eller at du vert ein vampyr eller engel. Desse variantane skiftes ut, og det kjem nye filter ganske ofte, medan andre forsvinn. 

Maskerade på mobilen

Appen MSQRD by Masquerade er gratis i App store, og lar deg ta selfies med liknande filter som Snapchat. Du opnar appen, plasserer ansiktet ditt inni firkanten i ruta, så kjem det automatisk ei maske eller ein effekt over biletet. Du kan få dådyrauge, Minnie Mus-sløyfe, eller du kan forvandle deg til ei ape, ein Minecraft-figur, Donald Trump, ein isbjørn, eller bæsj-emojien. Du kan også ta opp video av deg sjølv, og maskene heng med når du beveger på hovudet eller snakkar.