Vente på vind
Vente på vind er ei gripande forteljing om ein uvanleg sommar.
Det er sommar hos morfar på øya. Venge drøymer om å bli sjømann og segle til fjerne hamner og kanskje redde ein eller annan skipbroten.
Heime i byen er mamma lei seg. Pappa har flytta ut for godt, og no skal han og den nye sambuaren få ein baby. Det liker ikkje Venge å tenke på. Men på øya kjennest alt det andre langt borte.
Dagane dirrar av varme, og på stranda dukkar det plutseleg opp ei jente med svart hatt. Rut heiter ho.

Bok:
Forfattar: Oskar Kroon
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2021
Sider: 205
Passar for: 9-12 år