Vaffelhjarte – hjartegod historie med spenning, fantasi og latter

Vaffelhjarte er favorittboka til mange, og fortener å bli lese av alle!

identicon
Laurdag 26. mars 2022

Boka startar med smell. Lena har bestemt seg for å laga taubane mellom huset hennar og naboen triller. Plutseleg heng ho mellom husa etter berre nevane… Går dette bra?

Trille er sikker på at Lena er bestevennen hans. Men han har ikkje tørt å spørja Lena om han er bestevennen hennar.

Lena får Trille med på dei viltraste påfunn, ofte inspirerte av noko dei har lært av dei vaksne. Kvart kapittel handlar om slike hendingar, som til dømes den gongen då Lena og Trille fyller onkelen sin sjark med kvige, katt og kaninar etter at dei har vore på søndagsskulen og lært om Noahs Ark.

Boka er strålande godt fortalt med mange artige og morosame episodar. Litt alvor og drama er det òg. Framfor alt er dette ei forteljing om vennskap.

NRK har laga ein tv-serie av boka. Vaffelhjarte har òg blitt spelt fleire gonger som teater og boka har vunne fleire prisar.

Bok: Vaffelhjarte
Forfattar: Maria Parr
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2011
Sider: 195
Passar for: 5-9 år

Andre bokmeldingar