Rulling i rommet
Rulling i rommet er den tredje boka om skatehunden Bård og Amika. Ein kveld når dei to er ute og skatar, ser dei plutseleg eit skarpt lys på himmelen. Det viser seg å vere eit romskip med to grøne hundar. Bård og Amika får reise ut i verdsrommet. Bård får vise fram triksa sine på planeten til dei grøne hundane.

Bok: Rulling i rommet
Forfattar: Ida Eva Neverdahl
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2023
Sider: 32
Passar for: 6–9 år