Rørande vakkert om vennskap

Strålande fin bok med korte forteljingar om vennskap.

identicon
Fredag 25. mars 2022

Korleis får ein seg ein venn? I Ta 100 steg og få ein venn er me fluger på veggen i det magiske første møtet mellom små menneske. Erna Osland viser nok ein gong den sjeldne evna ho har til å skriva frå ståstaden til barn. Boka liknar poesi ved den gode bruken av få setningar og ord som set lesaren i nye stemningar og lar oss bli kjend med dei ulike personane i kvar historie. Alt blir ikkje sagt rett ut.

Boka kan eigna seg for høgtlesing eller eigenlesing – og det kan vera fint å snakka med andre om boka.

Eigentleg kan alle ha godt av å lesa boka. Alle treng venner – og både barn, ungdom og vaksne kan ha godt å lesa om korleis ein kan skapa vennskap.

Ta 100 steg og få ein venn er illustrert med fine teikningar av Torill Stranger. Skrifta er mellomstor, med korte, lettlesne setningar.

Bok: Ta 100 steg og få ein venn
Forfattar: Osland
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2015
Sider: 102
Passar for: 9-100 år

Andre bokmeldingar