Nattmannen

Veit du kva ein nattmann er? I fleire hundre år var arbeidet med å rydde etter folk sett på som så ureint at ein aldri kunne bli rein igjen om ein først hadde skitna seg til.

Å vere nattmann innebar å vere utstøytt sosialt og å misse æra, like mykje som å gjere tungt og illeluktande arbeid nattestid.

I tillegg til å køyre vekk driten og rydde i gatene måtte nattmannen rydde etter bøddelen, flå hestar og tøme nattpotter.

I boka Nattmannen får vi høyre historiene til fleire menn og familiar. For det var ikkje berre nattmannen sjølv som fekk merke den sosiale utstøytinga som høyrde med jobben. Også familiane deira var ærelause, borna fekk ikkje gå på skule saman med dei andre, og andre burde ikkje gjere handel med familien til nattmannen.

Historiene fortel også om måtar å straffe folk på på 1700-talet, der vegen til straffarbeid, fysisk straff eller galgen kunne vere kort.

Bok:
Forfattar: Anders Totland
Forlag: Gyldendal
Utgjevingsår: 2019
Sider: 64
Passar for: 10-13 år

Andre bokmeldingar