Gutta i trehuset med 78 etasjer blir filmstjerne

Kva ville du ha gjort om du blei fanga av levande grønsaker?

Ein dag i trehuset vaknar Andy og han har bursdag. Han gler seg til å sjå kva Terry har planlagt for han. Andy ser overalt for å finne Terry. Når han finn han, hugsar ikkje Terry at Andy har bursdag. Andy prøver å få han til å hugse, men han hugsar ingenting.

Litt seinare finn dei på å gå til Pia (ei av venninnene deira). Når dei kjem der, er Pia og alle dyra hennar sovande! Dei finn ut at det er nokon grønsaker som har gjort det slik! Dei drar til eit slott som dei vonde grønsakene bur i.

Dei møter mange farlege feller og levande grønsaker som passer på at det berre er grønsaker som får gå forbi. Andy og Terry kler seg ut, men grønsakene finn ut at dei er menneske! Så blir dei tekne til fange i ei gryte. Og der, rett før dei skal kokast, skjer det noko veldig uventa!

Boka startar morosamt og sluttar veldig uventa og overraskande! Den blei vanskelegare og vanskelegare å leggje i frå seg! Eg synest boka var artig, spennande og morosam fordi forfattaren har mykje fantasi og brukar det mykje i bøkene han har skrive.

Eg anbefaler boka 100%!!

Bok:
Forfattar: Andy Griffiths
Forlag: Fontini Forlag
Utgjevingsår: 2016
Sider: 381
Passar for: 7-12 år

Andre bokmeldingar