Full bajas

Morosam bok om å vere perfekt uperfekt.

Orion Sigerstad er 11 år og vil vere perfekt på alle område i livet. Han er høfleg mot alle, har eit ryddig rom, går berre over vegen når det er grønt lys, og gjer alt rett på skulen. Orion speler fløyte, og han drøymer om å bli tidenes yngste elev ved Makelaus musikkonservatorium. For å få plass der må han imponere ein talentspeidar under ein stor konsert.

Utfordringane byrjar idet Orion vaknar på konsertdagen. Plutseleg har han blitt heilt bajas. Når han skal seie god morgon til foreldra, så brøler han i staden. Han kastar ball i ansiktet på gymlæraren. Han kjøper godteri for tusenvis av kroner i kinokiosken. Og kanskje verst av alt: Orion speler ikkje ein einaste riktig tone på fløyta. Korleis skal dette gå?

Bok:
Forfattar: Ingunn Thon
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2023
Sider: 149
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar