Dikt som skjerpar sansane

Den fine boka Løynde ting er varmt tilrådd!

identicon
Tysdag 26. mai 2015

Kva seier musa? Kvifor er snigelen våt? Finst det flyplassar for fuglar? Små og store ting, dyr og planter har sine løyndomar. Menneske har også det. Den fine boka Løynde ting hjelper lesaren å skjerpa sansane; som ein hjort som lyttar eller ein fårehund med hjernen sin i potane. Den prislønna skotske barnebokforfattaren Kenneth Steven er tidlegare gjeve ut Historia om korleis hunden fekk våt snute på Samlaget. Også Løynde ting er full av undring av små og store ting i kvardagen. Kanskje lærer me då å ta betre vare på verda og kvarandre?

Løynde tinger gjendikta av Per Olav Kaldestad i eit enkelt, jordnært og godt språk. Illustrasjonane og typografien er òg enkel, og passar dikta. Bak boka står Nordsjøforlaget ved Hanne Bramness. Forleggaren på Sunde har spesialisert seg på gjendiktingar av samtidspoesi frå landa rundt Nordsjøen. Denne boka er eit godt døme på kor mykje som sameiner oss frå kyst til kyst.

Dikta kan passa godt til høgtlesing for små og store menneske frå fire-fem år og minst til hundre. Boka er varmt tilrådd!

Bok: Løynde ting
Forfattar: Kenneth Steven, i utval og gjendikting av Per Olav Kaldestad
Forlag: Nordsjøforlaget
Utgjevingsår: 2014
Sider: 73
Passar for: 5-99 år

Andre bokmeldingar