Mars er for taparar

Boka handler om Billy Bob Malone som er elev ved NASA sin hemmelige astronautskule i New York.

Ein dag kjem ein beskjed frå president Crat om at nasjonen er i fare og at det trengs ein frivillig som kan hjelpe. Kva vil eigentleg presidenten oppe i verdsrommet?

Det eg likar med boka er at den er lettlest, og ikkje så lang. Den passar for dei som kan lese allereie frå første klasse.

Det som er negativt er at boka er kjedelig veldig lenge.

Mars er for taparar er ein del av Leseland-bøkene til Samlaget. Leselandbøker er illustrerte med lettlest og godt innhald.

Boka er skrive av ein dansk forfattar, Lars Bukdahl, men er omsett av Ole Jan Borgund.

Konklusjonen min er at boka får ein sterk 3 på terningen. Eg anbefaler denne til barn frå 5 til 9 år.

Bok:
Forfattar: Lars Bukdahl
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2016
Sider: 57
Passar for: 5-9 år

Andre bokmeldingar