Oppdrag romvesen. Den nye naboen

Likar du ei bok som er morosam og ganske spennande? Då er «Oppdrag romvesen. Den nye naboen» boka for deg!

identicon
tysdag 24. mars 2026

Det er krise for Jakob! Han og mora har nett fått telefon frå statsministeren om at han landar i hagen deira med helikopter om eitt minutt. Det viser seg at Jakob får i oppdrag å vera fadder for den nye nabojenta som flyttar inn, som er eit romvesen! Ikkje berre brøler og snakkar ho uforståeleg, ho både svever og kan synga slik at folk besvimer. Og heime er ho ein blekksprut.

Forfattarar Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde har skrive ei rasande festleg og fantasirik bok som er lett å leva seg inn i. Jakob må vera snartenkt og læra den nye naboen alt mogleg om korleis ho oppfører seg som eit menneske. Først av alt må ho få eit namn som ikkje blir uttala som eit skrik. Det blir Ramona, etter Jakob sin hamster. Jakob får 2,6 millionar kroner frå staten om han klarar å få ho gjennom skulekvardagen utan at nokon forstår kva ho eigentleg er. Men kan han klara det?

Boka er den første i serien Oppdrag Romvesen

Bok: Bokmelding: Oppdrag romvesen. Den nye naboen
Forfattar: Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2025
Sider: 128
Passar for: 7-10 år

Andre bokmeldingar