Bokmelding: Ni løgner og jakta på eit smil
Ei nydeleg lesaroppleving om venskap når ein treng det som mest!
Klarar Klara og Pelle å gjera Klara si mamma glad igjen?
Klara (9) er på sommarferie i huset til mormora si saman med mora. Alt i huset er som det alltid har vore, men mormor manglar. Ho har nemleg nett døydd og mora til Klara er frykteleg lei seg. På loftet finns eit hemmeleg rom med lyslenker, fargar og ei himmelsk mjuk seng. I frysen ligg verdas beste bollar. Hjå hønene er det plakatar på veggene, gardiner og den aller beste hønematen. Klara vil så gjerne at det framleis skal vera sant at mormora finst. At ho berre er ute på fjelltur eller kviler seg i hengekøya slik ho alltid har gjort.
På loftet finn Klara dagboka til mora frå då ho var ni, og saman med den nye venen sin, Pelle, legg Klara ein plan for å gjera mora si glad att. Problemet er berre at Klara ikkje har fortalt sanninga om mormora til Pelle. Løgnene har liksom berre hoppa ut av munnen hennar og det blir vanskelegare og vanskelegare å fortelja Pelle at mormora ikkje lenger er i live.
Forfattar Marthe Holien Bø skriv varmt om det vanskelege, om Pelle som har shorts-konkurranse med faren og som mest av alt ønsker å hjelpa den nye venen sin. Ei medrivande og fin bok som også er lett å lesa.
Bok: Ni løgner og jakta på eit smil
Forfattar: Marthe Holien Bø
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2024
Sider: 130
Passar for: 7-10 år