Nordlysmagi, sjøormar og ei spennande reise
Dette er boka for deg som likar fantasybøker med magi.
Boka handlar om ei jente som heiter Sonja.
Onkelen til Sonja heiter Henrik, og ein dag var Sonja og onkelen i ein konfirmasjon. I konfirmasjonen fann onkelen ei nål, og han gav nåla i gåve til Sonja.
Ei natt kom det ein gut som sneik seg inn i huset til Sonja. Han leitar etter nåla. Katten til Sonja mjauar. Sonja kjem ned og ser guten og skrik. Etter det prata dei litt. Guten heitte Espen og fortel at han er fra ei anna verd, og at den heiter Jotundalen. Han inviterer Sonja til Jotundalen. Espen har ein gjeng der.
I slutten kjem det ein augestikkar som ser ut som ein drage. Den kjem til Sonja og ho kallar augestikkaren for «Gnist».
Dette er favorittboka mi. Eg har lese den mange gonger. Eg likar fantasybøker med magi. Min favorittdel av boka er når sjøormen drep ein viking som heiter Gunnar.
Boka passar for barn som er 9 år eller eldre.
Boka er den første i ein serie på åtte.
Bok: Reisen til Jotundalen
Forfattar: Malin Falch
Forlag: Egmont
Utgjevingsår: 2018
Sider: 8
Passar for: 9-12 år