Kode 6: Ingen må vite kven du er

Kode 6 er ei mystisk og spennande bok.

Boka handlar om ein gut som heiter Kasper og har eit heilt normalt liv. Det er ein ny gut i klassen, han heiter Stian. Men alle i Våge veit kven Stian er. Fyrste skuledag når Kasper set sykkelen på plass så seier nokon til Kasper at ein ny gut skal begynne i klassen, men når Kasper seier at alle kjenner alle, blir han veldig rar og mystisk. Når dei går inn i klasserommet stirer alle på Stian. Etter kvart i boka går Stian og Kasper tur rundt i Våge. Dei gjer det ofte, men seinare skjer det noko spesielt.

Eg likar Kode 6 fordi det er spennande og krim. Eg er glad i boka fordi tittelen og bildet på boka ser veldig spennande ut og det gir litt meining i slutten av boka.

Eg gir terningkast 6. Ho passar for 5.-klasse og oppover. Boka burde bli film. Boka er for gutar og jenter.

Bok: Kode 6 er ei mystisk og spennande bok.
Forfattar: Harald Nortun
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2024
Sider: 7
Passar for: 9–12 år

Andre bokmeldingar