Ja! Kjælerotter, labrotter og villrotter høyrer til same art og kan få ungar saman, fortel Heidi Sjursen Konestabo til Ung.Forskning.no. Ho jobbar på avdeling for skadedyrkontroll ved Folkehelseinstituttet. Der brukar ho dagane på å finna ut korleis me kan få vekk villrottene.
Ulik behandling
Me behandlar rotter på svært ulike måtar. Rottene som bur i kloakken, på gata eller i kjellarane våre, prøver me ofte å drepa. Dei et søppel og kan spreia sjukdom. Andre rotter lever på laboratorium, der forskarar brukar dei i forsking fordi rotter lærer fort og kan få mange ungar på kort tid. Og så finst kjælerottene som me leikar og kosar med.
Får ikkje møta villrotter
Heidi har sjølv hatt kjælerotter. Ho kallar dei sosiale, smarte og gode kjæledyr. Ho lærte rottene sine å hoppa over hinder, rulle rundt og gå slalåm.
Likevel lét ho aldri kjælerottene møta villrotter. Villrotter kan ha vore i kloakken og på andre skitne stader. Derfor kan dei vera utsette for fleire sjukdommar, forklarar ho til Ung.Forskning.
Dei som avlar opp kjælerotter, har diskutert om dei bør få ungar med villrotter, fordi kjælerottene ikkje er like friske etter mange generasjonar med avl.
– Det ville vore ein fordel å få inn nokre gen frå ville rotter, men det skjer ikkje på grunn av smittefare, seier Heidi.






















