1280px-Boulevard_du_Temple_by_Daguerre
Dette biletet er frå Boulevard du Temple i Paris i 1838. Det blir rekna som det eldste kjende fotografiet der menneske er synlege. Gata var travel, men fordi det tok mellom fire og fem minutt å ta biletet, blei menneska og trafikken i rørsle ikkje med. Berre dei to mennene nede til venstre stod stille lenge nok til å bli synlege. Den eine ser ut til å pussa skoa til den andre. Biletet er ein daguerreotypi – ein tidleg type fotografi som blei laga på ei metallplate. Foto: Louis Daguerre, Public domain, via Wikimedia Commons
Skriven ut frå Framtidajunior.no · framtidajunior.no
Kva meiner du?
257 svarVille du blitt glad for å få brukte julegåver?
Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.
