I 2028 har astronautar i NASA planar om å reise til månen. Då skal dei bruke heilt nye romdrakter, skriv ung.forsking.no.
Før denne romferda er det difor viktig å vere heilt sikre på at romdraktene fungerer slik dei skal. Ei romdrakt skal mellom anna vere heilt lufttett og gi oksygen til astronauten.

Ein av måtane NASA testar romdraktene på er å bruke dei i eit basseng (ein vasstank) som er nesten ti gonger så stort som eit vanleg svømmebasseng. Her blir det skapt eit miljø som liknar det som er på månen.
På månen har ein rett nok ikkje vatn rundt seg, men tyngdekrafta der gjer at ein beveger seg på ein liknande måte som i dette bassenget.























