Har du lagt merke til at våren av og til kjem tidlegare enn før? Nye tal viser at det faktisk har vorte fleire vårdagar i Noreg. Forskarar har sett på vêrdata frå mange år, skriv NRK.
Meteorologisk institutt seier at våren startar når temperaturen i gjennomsnitt er minst 0 grader i løpet av eit døgn – og held fram med å stige i dagane etterpå.
Kjem tidlegare
– Det me ser er at våren kjem stadig tidlegare, og vinteren blir kortare. Det er ikkje kalendervåren me snakkar om no, men den meteorologiske våren. Den definisjonen er litt annleis, seier klimaforskar Reidun Gangstø til NRK.
– Det er snakk om to veker mange plassar rundt i landet. Somme stader meir enn det òg, legg ho til.
Forskarane har brukt målingar frå mange stader i landet for å finna ut korleis temperaturane har endra seg over tid.
Dyr og plantar
Sjølv om det kan kjennast fint med fleire milde dagar, betyr det også at naturen rundt oss kan forandra seg. Plantar kan byrja å blomstra tidlegare, og dyr kan endra når dei vaknar etter vinteren.
Derfor følgjer forskarar nøye med på korleis temperaturane utviklar seg i åra framover.






















