Babyar på 2 månader forstår meir av verda enn me trudde

Visste du at babyar allereie når dei er berre to månader gamle ikkje berre ser verda – men byrjar å forstå forskjellen mellom ting dei ser? Det viser ny forsking.

Forskarar har brukt ein spesiell type hjerneavbilding som heiter MR for å sjå korleis babyhjernen jobbar når han ser på bilde av ulike ting, som tre og dyr. Det er eigentleg ganske vanskeleg å gjera med så små babyar, fordi dei må liggja roleg og vera vakne, skriv AP News.

– Det fortel oss verkeleg at spedbarn samhandlar med verda på ein mykje meir kompleks måte enn me kanskje førestiller oss, seier professor Cliona O’Doherty, som leidde studien.

Hjernen til ein baby på berre to månader ser ikkje berre forskjell på fargar og lys — han reagerer ulikt når han ser til dømes eit dyr enn når han ser ein ting som ikkje lever. Til dømes ein stol.

MR: Slik kan ein MR-maskin sjå ut. Ei MR-maskin tek detaljerte bilete av innsida av kroppen og hjernen ved hjelp av sterke magnetar og radiobølgjer. Illustrasjonsfoto: Michal Jarmoluk / Pixabay

Korleis forska dei på babyane?

I undersøkinga fekk 130 babyar MR-skanning medan dei var vakne. Dei såg på bilde som babyar ofte møter i kvardagen, som dyr, mat og bygningar.

Når babyane såg på eit bilde, som til dømes ein katt, reagerte hjernen på ein annan måte enn når dei såg til dømes ein stol. Dette viser at hjernen ikkje berre sender eitt signal kvar gong babyen ser noko – han sender ulike signal når han ser ulike typar ting.

Det blei endå tydelegare når babyane vart større. Nokre av babyane kom tilbake til forskingslabben då dei var 9 månader gamle. Då kunne forskarane sjå at hjernen meir tydeleg skilde mellom levande ting og ting som ikkje lever. Det betyr at hjernen held fram med å utvikla seg og bli flinkare til å sortera og oppfatta verda rundt seg.