Nytt oljeløyve der lundefuglen finn mat

Regjeringa har gitt lov til ny olje- og gassverksemd i eit havområde som er viktig for lundefuglen og andre dyr. Fleire ekspertar har åtvara mot dette, men likevel sa regjeringa ja.

Ifølgje NRK betyr dette at det kan bli leita etter og seinare henta opp olje og gass i eit område som er matfat for lundefuglen. Lundefuglen er nemleg avhengig av å finna nok fisk i havet for å overleva. Den et mellom anna ein liten fisk som heiter tobis.

57 nye løyve

Energiminister Terje Aasland (Ap) seier til NRK at olje- og gassverksemda i Noreg er strengt regulert. Denne månaden delte ministeren ut 57 nye utvinningsløyve for olje og gass i norske havområde. I både Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen. Det betyr at dei har fått lov til å leita etter og henta opp olje og gass.

– Ingen aktivitet kan gjennomførast utan løyve og samtykke frå styresmaktene, og krava blir strengare jo meir sårbart eit område er. SVO inneber ikkje eit forbod mot aktivitet, men pålegg å ta særlege omsyn – og det gjer me, seier han til NRK.

Kva betyr det ministeren seier?

Når ministeren seier at alt må ha løyve og samtykkje, betyr det at ingen får leita etter eller henta opp olje og gass utan å få lov først. Han forklarer også at det er strengare reglar i sårbare område, altså stader der naturen og dyra lett kan bli skadde.

Når ministeren snakkar om SVO, meiner han Særleg Verdifulle og sårbare Område. Han seier at slike område ikkje er heilt forbode å bruka, men at dei som jobbar der må vera ekstra forsiktige og ta ekstra omsyn til naturen.

Kritisk lite tobis

Dette er tobis som mellom anna held til i Nordsjøen. Foto: Leif Nøttestad / Havforskningsinstituttet

I og rundt dei sårbare områda lever for eksempel tobis som er ein liten fisk. Han er veldig viktig i Nordsjøen. Tobis er nemleg mat for mange andre fiskar og for fuglar, mellom anna lundefuglen. Derfor blir tobis kalla ein nøkkelart – om han forsvinn, kan mange andre dyr få problem.

Ifølgje Havforskingsinstituttet er det no kritisk lite tobis i den norske delen av Nordsjøen. I 2025 var det derfor ikkje lov å fiska tobis i det heile.

Noreg har ansvar for å ta vare på arten. Derfor har staten sine eigne miljøekspertar åtvara mot å gi fleire olje- og gassløyve i områda der tobis lever, ifølgje NRK.