– Me må berre få dei til å slutta å bomba

Ei lita syrisk jente sa noko veldig enkelt – og det endra måten psykolog Solfrid Raknes tenkjer på.

Då Solfrid Raknes møtte ei jente som hadde opplevd bombing, hadde ho planlagt at samtalen skulle handla om kva barnet kunne gjera dersom det kom fleire bomber.

Men jenta hadde ein heilt annan plan.

– Me må berre få dei til å ikkje bomba igjen, sa ho stille.

Solfrid svara:

– Eg er samd. Men no må me snakka om kva du skal gjera dersom det kjem fleire bomber.

Jenta såg på henne og sa:

 – Me må få slutt på bombinga.

Først tenkte Solfrid at jenta var litt naiv, altså at ho tenkte for enkelt og trudde for mykje på det gode.

Men då ho kom heim, fekk Solfrid tenkt seg om.

– Eg skjønte at det var ho som hadde forstått alt, seier Solfrid.

– Det er jo det einaste fornuftige. Det er det som må til. Barn ser det som er viktig.

Psykolog Solfrid Raknes. Foto: Privat

Barn seier det rett ut

Solfrid har møtt mange barn som lever midt i krig og frykt. Ho prøver å hjelpa dei å finna måtar å kjenna seg trygge på.

– Barn seier ofte det vaksne har gløymt. Dei seier det rett ut – utan store ord.

Barn stiller spørsmål som får vaksne til å tenkja:

Kvifor bombar dei? Kvifor kan ikkje folk berre slutta å vera slemme?

– Dei spør ikkje fordi dei er dumme, men fordi dei trur på at ting kan bli betre, seier Solfrid.

– Barn minner oss på kva fred eigentleg handlar om: at ingen skal vera redde for livet sitt, legg ho til.

Ein klok tanke i ei vond tid

For mange vaksne verkar det rart eller litt barnsleg å tru at krig kan stoppast berre med ord. Men for Solfrid vart samtalen med jenta ei påminning om noko viktig.

– Kanskje er det akkurat så enkelt som ho sa. Nokon må seia: Dette må ta slutt.

Ho tenkjer ofte på jenta.

– Ho sa noko som verda må høyra igjen og igjen. For å få slutt på bombinga, må me tru at det går an.

Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.