Dembélé kåra til verdas beste fotballspelar

Franske Ousmane Dembélé (28) og spanske Aitana Bonmatí (27) vart måndag kveld heidra med Gullballen.

Gullballen
  • Gullballen blir delt ut av fotballbladet France Football. Fotballjournalistar frå heile verda stemmer fram vinnaren av prisen.
  • Kåringa er basert på det spelarane har gjort frå 1. august 2024 til 13. juli 2025, då det var finale i klubb-VM.
  • Lionel Messi har rekord i flest Gullballar. Han har vunne prisen åtte gonger.

Kjelde: NRK og VG

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er utruleg det som nettopp har skjedd meg. Eg har ikkje ord, sa fotballspelaren då legenda Ronaldinho gav han prisen, ifølgje VG.

Dei som får Gullballen blir rekna som verdas beste fotballspelar.

Dembélé spelar på det franske laget Paris Saint-Germain (PSG).

Knallsesong

28-åringen har hatt ein knallsesong i PSG, der han kunne juble over Champions League-tittelen og siger i den franske ligaen og cupen. 

Mot slutten av takketalen kom mor hans opp på scena, då ein rørt Dembélé takka familien for å alltid ha støtta han, også når han har det vanskeleg. Spelaren hadde tunge år i Barcelona, før det har losna skikkeleg for han i PSG.

Dembélé vann Gullballen framføre Barcelona-stjerneskotet Lamine Yamal (18). Erling Braut Haaland (Manchester City) kom på 26.-plass i kåringa.

BESTE UNDER 21: Spanske Lamine Yamal måtte nøye seg med 2.-plass i Gullballen-kåringa, men kunne juble for Kopa-troféet, som blir gitt til årets unge spelar. Foto: AP Photo/Thibault Camus

Historisk

På kvinnesida fekk Barcelona-spelar Aitana Bonmatí (27) Gullballen for tredje året på rad.

– Som liten trudde eg ikkje dette var mogleg. Eg hadde idol som Iniesta og Xavi, for det var berre herrane eg såg på TV. Det er stort å lage historie, men alle desse troféa kjem av alt arbeidet som er lagt ned, seier Bonmatí, ifølgje TV 2.

Norske Caroline Graham Hansen (FC Barcelona) blei nummer 13 og Frida Maanum (Arsenal) nummer 27.

LEGENDER: Aitana Bonmatí får Gullballen av idolet Iniesta. Foto: AP Photo/Thibault Camus