– Me er designa for å vera vakne på dagen og søvnige på natta, seier forskar Graciela López Soop til Ung.Forskning.no. Ho er molekylærbiolog og studerer cellene i kroppen vår.
Den indre klokka finst i alle cellene våre. Den blir styrt av spesielle klokkegen. Når det blir for mykje aktivitet, seier gena frå om at det er på tide å roa seg. Det skjer kvar einaste dag – og sånn får me døgnrytme.
Oppdaga av ein plante
For over 300 år sidan såg ein forskar at blada på ein plante opna seg om dagen og lukka seg om natta – også når planten stod i mørket. Det betydde at han hadde ei indre klokke.
Seinare testa forskarar teorien på små bananfluger. Dei forandra litt i gena på flugene, og då vart nokon trøytte for tidleg, og nokon nesten ikkje i det heile. Det viste at også dei hadde ei klokke i kroppen.
Ta vare på den indre klokka
Den indre klokka har eksistert i milliardar av år. Den hjelpte dei første små liva på jorda å vita når sola var farleg sterk.
Me må lytta til kroppen og sova når me blir trøytte. Om me rotar for mykje med søvnen, kan me bli sjuke.
– Me bør ta vare på den indre klokka vår, seier Soop.