Oppskrift på juletre med mozzarellakuler

Dette juletreet kan serverast saman med middagen eller som ein snack. Perfekt til jul!

Ingredienser:

  • Ferdig pizzadeig
  • Mozzarellakuler eller oppkutta mozzarella ostestenger (ei kule per rute med pizzadeig)
  • 1 egg (til pensling)
  • Sesamfrø og linfrø (valfritt)
  • 2 fedd raspa kvitlauk
  • Ein neve fersk finhakka persille
  • Smør

Slik gjer du:

Del pizzadeigen i ca. 25 små ruter.

Foto: Janne Nerheim

Plasser ei mozzarellakule midt på kvar rute.

Foto: Janne Nerheim

Brett deigen rundt kula og rull saman til små bollar.

Foto: Janne Nerheim

Legg bollane på eit bakepapir i form av eit juletre (start med ei kule i toppen og jobb deg nedover med fleire i breidda).

Foto: Janne Nerheim

Pensle bollane med samanpiska egg.

Foto: Janne Nerheim

Dryss over sesamfrø på treet og linfrø på stamma (valfritt).

Foto: Janne Nerheim

Sett treet i omnen og steik på 200 °C i 20 minutt, til bollane er gylne og gjennomstekte.

Foto: Janne Nerheim

Smelt ein god klump smør. Tilset raspa kvitlauk og finhakka persille. Rør saman.

Foto: Janne Nerheim

Når treet kjem ut av omnen, penslar du det med den smelta smørblandinga for å gi ekstra smak.

Foto: Janne Nerheim


Nyt😍🎄