Livsviktige småkryp

Insektinteresserte Aksel August Bråten fortel at om vi ikkje hadde hatt insekt og småkryp, hadde heile økosystemet vårt kollapsa.

Til dømes er vi heilt avhengige av pollinatorar, som bier. Dei bidreg til at plantar kjem tilbake og formeirar seg år etter år.

– Insekt er òg ei viktig matkjelde for andre større dyr, fortel Aksel.

TIKTOKAR: Aksel August Bråten er mellom anna kjent frå TikTok og har delteke i TV-seriar som Kompani Lauritzen: Tropp 2 og Ekstrem gjemsel. Foto: Privat