Dyrevernorganisasjon vil at dyr skal nemnast i grunnlova

Dyrevernorganisasjonen Noah vil at Grunnlova skal bli endra slik at dyr blir vurdert som sansande individ.

Ti land har allereie nemnt dyr i grunnlova si. No meiner Noah at det er på høg tid at det også skjer i Noreg, skriv NTB.

Nyleg føreslo Miljøpartiet Dei Grøne å sikre dyr sin eigenverdi i ein ny paragraf (del) i grunnlova. Forslaget seier at dyr skal bli vurdert som sansande individ med eigenskapar, evner og rettar.

Grunnlovsendringa krev to tredels fleirtal i Stortinget – altså må 113 av 169 representantar stemme for forslaget.

Bør dyr nemnast i Grunnlova?

Bør dyr nemnast i Grunnlova?

Ja35
Nei12
Svar totalt: 47