Sju av verdas land får all energi frå fornybare energikjelder

Ifølgje FNs berekraftsmål må straumen komma frå fornybare kjelder. Det har sju av landa i verda klart.

– Desse landa er til stor inspirasjon, seier Kristin Halvorsen til Ung.forskning.no. Ho er direktør ved Cicero Senter for klimaforsking.

Dei sju landa er Albania, Bhutan, Nepal, Paraguay, Island, Etiopia og DR Kongo.

Desse landa brukar jordas indre, vatn, sol og vind som energikjelder. Det blir kalla fornybare energikjelder, og desse kjeldene kan nyttast om og om igjen.