Pepar & Gulrot 

I den første boka i teikneserien Pepar & Gulrot treffer du den unge heksa Pepar, og katten hennar, Gulrot.

Dei bur i eit skikkeleg kråkeslott, med spist tak, spindelvev og ei boblande heksegryte på kjøkenet. Her lagar dei ulike trylledrikkar, proppfulle med magi! Og sjølv om det står eit fare-skilt utanfor huset, er det ei svært så hyggeleg heks vi møter.

Gjennom korte, humørfylte historier får vi vere med Pepar og Gulrot i kvardagen deira. Pepar melder seg på konkurransar i trylling, ho inviterer andre hekser til bursdagen sin, og ho leiter etter magiske ingrediensar til trylledrikkar som ho prøver ut på Gulrot.

Bok:
Forfattar: David Revoy (Teikneserien er omsett til nynorsk av Arild Torvund Olsen og Karl Ove Tufthammer).
Forlag: Outland forlag
Utgjevingsår: 2023
Sider: 240
Passar for: 5-9 år

Andre bokmeldingar