Dronninga kallar
Har du tenkt på korleis biene lever? I denne boka av Per Olav Kaldestad og Hilde Kramer er det dronninga av biene som er hovudpersonen.
Ein dag oppdagar ho at det er for stille der inne i bikuben, og at arbeidarane hennar held på å døy av gifta som finst i lufta. No må dei legge ut på reise.
I denne boka får du både ei spennande historie, flotte teikningar og eit språk som leikar seg med rim og rytme og er kjekt å lese. Dessutan er den på nynorsk! Det er ei god bok å lese for deg som går i 1.-4.klasse, men passar for alle aldrar.
Bok:
Forfattar: Per Olav Kaldestad og Hilde Kramer
Forlag: Cappelen Damm
Utgjevingsår: 2016
Sider: 34
Passar for: 6-9 år