Stian og Stine 3: Bjørnemysteriet
I denne tredje spanande krimforteljinga om Stian og Stine hender det fleire ran og innbrot.
Det rare er at gjerningsmennene har på seg dyrekostyme. Stian og Stine grip fatt i saka og byrjar etterforska saka på eiga hand. Slik viklar dei seg inn i fleire skumle situasjonar. Kven er ven og kven er skurk? Og kva er det eigenleg som går føre seg i nattemørket på garden Vistad?
Bok:
Forfattar: Magnhild Bruheim
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2016
Sider: 248
Passar for: 9-12 år